uni-relatert


= skiskyting. høgdepunkta i helga. her er nokre andre høgdepunkt:

I. skimelding

eg nytta nokre dagar austpå for å sjekka stoda på skiforma eg byrja å trena opp for to vintrar sidan, då eg fann ut at løypelangrenn var kjekt. I fjor fann eg ut at det var ganske vondt og bale òg. på den minst motiverande skituren i fjor hadde følgjet heldigvis med ei anonym bikkje som seinka andre i fylgjet såpass mykje at det ikkje vart så flautt for meg å vera treig. MEN I ÅR: plutseleg og uventa meistringskjensle i sporet! eg kunne til og med leggja ut på tur åleine. eg anar eigentleg ikkje kvifor, men her er nokre hypotesar:

1. opptrening. sidan eg ikkje ville skjemma meg ut på ski i vinterferien, la eg opp til to-tre obligatoriske treningsøkter kvar veke etter jol. kondisjon og styrke. etter ei veke vart eg sjuk og slapp, og kom meg ikkje heilt i gjenge att før veka før skiveka. den hanglande opptreninga kan såleis ikkje forklara skisuksessen.

2. kviling. jamfør førre punkt. i freistnaden på å kvikna til vart det ein del middagslur, pledd og te med ingefær og honning. slik samla eg opp mykje energi og krefter som kom godt med i tungskøyta mildvêrsnø. snøen fylgjer oss vidare:

3. vestlandsk bakgrunn. dette trur eg er den avgjerande grunnen bak storforma i år, og det har ikkje noko som helst å gjera med at eg er oppvaksen i skibygda. det er haldningar til snø det handlar om. særleg snø i løyper, som me ikkje driv så mykje med i vest, unnateke i påsken, viss det framleis er snø. den snøen er gjerne så dårleg at me ikkje gidd å gå i løypa, og traskar rundt i skogen i staden, eller opp på eit fjell. i møte med den eksotiske løypekulturen austpå, er kystvestlendingen berre oppteken av OM det er snø i løypa. anten er det snø, eller så er det ikkje snø. i vinterferieveka austpå var det snø, så eg var nøgd.

austlendingane, på si side, har eit gradert system her, og det er eit ein-til-ein tilhøve mellom skiføre og nøgdsle (det å vera nøgd): snøen syg = skituren syg. sidan vestlendingen ikkje kjenner dette graderte systemet så godt, kjende eg heller ikkje så mykje skilnad frå dag til dag, registrerte berre at det var skikkeleg bakglatt kvar dag. løyste dette greitt med skøyting. austlendingane hadde nye og litt ulike analyser av løypa kvar dag, jamført med eit idealføre som ikkje var å sjå. draumen om soriamoriaføret verka å hidra dei litevetta i å gle seg over føret som faktisk fanst. dette handlar kanskje ikkje så mykje om fysisk form, men mangelen på ei gradert skiføreforståing har nok hatt ein del å seia for mitt mentale, nøytrale til positive, møte med skisporet i år. og slikt verkar jo inn på både meistringskjensle og innsats.

II. det beste frå dagens islandskførelesing

1. forkortingssuffikset -ó. denne endinga kan korta allslags ord, og knyter seg til den fyrste stavinga til ordet. her er dei beste døma, det fyrste er med av interne grunnar:

Laugó. kortform av «Laugarvatn», ein stad sør på Island.
sleikjó. kortform av «sleikibrjóstsykur», som tyder kjærleik på pinne. ein kan jo forstå at dei trong ei forkorting her.
grautó. kortform av Húsmæðraskóli. her kan lesarane sjølve få gissa seg fram til samanhengen. (Reven veit det, og får ikkje lov til å seia noko)

2. islandske avløysarord (ord som vert nytta i staden for utanlandske framandord). det islandske ordet for telefon, sími, hadde opphavleg tydinga «tråd». eg reknar med alle lesarane er gamle nok til å skjøna kvifor dette var ei god løysing. Skype på islandsk er myndsími (mynd = film el. bilete), og smarttelefon heiter snjallsími (snjall = genial, smart, snedig, lur). jetfly heitte fyrst þrýstiloftsflugvél (trykkluftflygemaskin), men her var det også opplagt at ein trong ei kortare form. då kom þota, som er avleidd av verbet þjóta (susa). Sidan har dei laga breiðþota (747-jet) og snjoþota (akebrett!). helikopter heiter þyrla (virvla).

– Bale & Bø-Rygg
– Jerusalem & Mittag
– Aufderstraße et. al.

nei, eg er nok ikkje eit akvarium kor impulsane kan flyta inn og ut som dei vil, utan å leggja att inntrykk. det er sanneleg like greitt, men ÅH, å driva å ta til seg alt òg! alle orda eg les og skriv for desse oppgåvene, haugevis, samlast i galne kvervar i hovudet, bringa og magen. eg har ikkje plass til fleire, dei må ut, men eg har inga makt over dei, og det har ikkje dei heller. dei skal ingen stader.

i fiksjonen er det om lag her i forteljinga at eg spring ut på torget og skrik alt eg maktar.

i røynda går eg mellom biblioteka og blir klissblaut utan at det gjer noko. boka eg skal ha fatt i finst på hylla når eg går frå HF, men har vunne vorte merka som «tapt?» innan eg kjem fram til PS. det gjer ikkje noko det heller.

eg samlar symbolikken i hendinga til seinare.

juridiksystern tykkjer at nerdebloggen kan vera litt kryptisk, at somme av tekstane er heller utilgjengelege. dette kjem fram over dagens lunsj i biblioteket. eg lyt i nokon grad seia meg samd i dette, og er difor djupt rørd over at syrran faktisk gjev seg i kast med desse tekstane likevel. som svar på tiltale (merk den jus-relaterte ordlyden) kjem her eit tekststykke som venteleg vil vera meir tilgjengeleg for kvinna med lovboka. likeins vil det vera tilsvarande utilgjengeleg for alle som ikkje var med på lunsjen. dette var det me sa, me tre, og alle som ein var komne til ein gratis kaffi på kortet sitt:

(om ein komande jus-eksamen)
– eg ser det bare for meg som eit klesskap, og der er det heilt kaos, og eg veit ikkje kor eg skal begynne!
– du treng eit klesskap til!
– eit til? eg har jo meir enn nok med det skapet eg allereie har!
– ja, men eit tomt eit, også flyttar du berre over det du har bruk for dit.
– eller du kan ha ei sånn stang som står fritt ute i rommet. då er det lett å endra rekkjefølgja i tinga òg.

(om progresjonen i jusstudiet og/eller jus generelt)
– det er ei russisk dokke. du trur du er der, men du er aldri der.

(om eksamenslesinga)
– det er som å setje på eit juletre, kor fleire av lysa har vore gåene. også bare ping-ping-ping.

(plutseleg utbrot)
– åh, kan du ikkje pynte kaffikortet mitt?

eg hugsar ikkje kva den springende regressen eigentleg var, men i mitt hovud er han slik:

dessutan fortalde eg om undervisningsopplegget «finn tre facebookstatusar og set dei saman til eit dikt», som visstnok skal ha funka særs bra på yrkesfag. dette vil eg også gjera. kanskje aller helst sjølv:

Då er det berre å begynne å planlegge.
Eg vil ha ein slikt plakat.
Nokon som kan skaffe ein til meg?
Når du ikke har
åpnet boken på en halvtime og
sitter og leser
revolusjonær tysk lyrikk fra 1800-tallet
på nettet, er det kanskje på tide å dra hjem.

sidan novellesleppfest inngår i neste Tak for Øl, og eg for ei gongs skuld har lese ei bok før I Unge Jastrøser har lese henne (trur eg), tenkte eg å dela nokon høvande og lett svært råkande avsnitt derfrå for å slå an stemninga for kvelden. må det ikkje verta lenge til, eg vil trava i jazz og tunge gardiner!

309.91 Samtidslyrisk personlighetsstörning F60.91

A. Ett genomgående mönster av excentriskt och stört beteende i tal, skrift och tanke. Störningen visar sig i ett flertal olika situationer och sammanhang från tidig vuxenålder och tar sig minst fyra av följande uttryck:

  1. personen byter omotiverat ämne från den ena meningen till den andra eller fäller helt motstridiga yttranden i på varandra följande meningar (uppluckrade assosiationer
  2. personen ägnar sig åt ett patologiskt, papegojartat och uppenbart meningslöst upprepande av andras fraser (ekolali)
  3. personens tal är adekvat vad beträffar mängden, men förmedlar väldigt lite information på grund av vaghet, tomma upprepingar eller bruk av stereotypa och dunkla fraser (innehållslöst tal)
  4. personen har tankar om att tillfälligheter och yttre händelser har en speciell och ovanlig betydelse som är specifik för just henne (hänsyftningsidéer)
  5. personen talar på ett sätt där ljud snarare än meningsfulla begreppsliga relationer styr ordvalet; t.ex. omotiverat rimmande eller ordlekar (klangassociationer)
  6. personen hittar på nya ord, förvränger ord, eller ger helt ny personlig innebörd åt vanliga ord (neologismer)
  7. personens tal är obegripligt för andra på grund av att ord eller fraser kombineras utan något logiskt eller meningsskapande samband (splittring) 

    ~ Martina Lowden – Allt

det er med ei særs problemorientert tilnærming til mitt eige skriveprosjekt eg no freistar tala den ressursorienterte tilnærminga si sak. framgangen er til forveksling like skakkøyrd som då eg skreiv om motivasjon i fjor.

særleg øydeleggjande for teksten min er når eg må sitera setningar som følgjande: «De tospråklige lærerne er nøkkelpersoner i forhold til at elevene skal oppleve at det de allerede kan og har lært hjemme, faktisk er gyldig i skolesammenheng.» eg kunne gråta ein skvett, men nabostudina nyttar rettleiarparfyme – så eg tek meg instinktivt kraftig saman og held ut.

(i eit proporsjonalt tilhøve til den desillusjonerte, problemorienterte og umotiverte fagskrivinga, ser me den spontane, heilhjarta og utanomfaglege skrivinga taka seg valdsamt opp. som synt her.)

«var det opp til meg, skulle «valuta» ikkje bestå av pengar, men av vitsar, og den einaste klimaproblematikken skulle vere den groteske feilbruken av «i forhold til» i samtaleklimaet,» skriv Agnes Ravatn i førre Dag og Tid. for å verkeleg prenta inn denne bodskapen har avisa trykt den same sida to gonger etter kvarandre. vel saknar eg slutten litevetta, men tykkjer samstundes idéen om føljetong er lokkande.

når eg no dreg fram dette sitatet, er det av di den siste delen om «i forhold til» her i kveldinga gjorde seg til ord for dagen. eg har nemleg nett lese ein fagtekst med høveleg godt innhald (som etterpå synte seg å vera teken av pensum, men skitt au, eg har då lært noko) men beint fram skammeleg handtering av frasen «i forhold til». han er brukt mykje, og ravgale.

eg skal no gjera to fæslege handlingar, nemleg 1) greia ut om kva denne frasen eigentleg tyder, slik at de alle som ein uviljug vert innlemma i den språklege minoriteten som veit kva «i forhold til» tyder i røynda, med alle dei grammatiske lidingar og forståingsvanskar det fører med seg for dykk (de kan slutta å lesa no, for å unngå denne lagnaden). dette unner eg eigentleg ingen, når tilhøva har vorte slik dei er no. og 2) syna korleis denne fagteksten vart inni mitt hovud, ved å omsetta alle dei mishandla frasane til det dei eigentleg tyder.

1)
«i forhold til» tyder «jamført med». det er såleis eit uttrykk for samanlikning, og kan ikkje brukast synonymt med «med», «for», «i samband med»,  og liknande. hald opp med det! slutt! gje dekan!

2)
eit utval setningar frå teksten, gjerne litt korta. klammene markerer kor galskapen har utspelt seg, og gjer at frasane framleis er heilt galne for dei som les dei rett:

ingen av punktene i Læringsplakaten er eksplisitt definert [sammenlignet med] denne ungdomsgruppen
freistar å uttrykkja: [for/opp mot]

det antas her at språkopplæringen i norsk ikke er lagt opp [jamført med] deres læreforutsetninger
freistar å uttrykkja: [til]

lingvistiske faktorer som påvirker innlæring av norsk, og mangel på tilpasset opplæring [sammenlignet med] dette
freistar å uttrykkja: [i samband med]

de skriftspråklige ferdighetene er ikke funksjonelle [jamført med] den ordinære undervisningen
freistar å uttrykkja: sanneleg ikkje godt å seia, [i/i møte med]?
(denne frasen var på mange måtar eit slags negativt ljospunkt)

det er viktig å kartlegge graden av ferdigheter [jamført med] kontekstavhengig kommunikasjon
freistar å uttrykkja: [i]

da må det brukes deiktiske termer, noe som er svært krevende [sammenlignet med] deres underutviklede språk
freistar å uttrykkja: [med]

her er det viktig å kartlegge og vurdere likheter og ulikheter [sammenlignet med] språkstruktur og skriftspråksystem i morsmålet
freistar å uttrykkja: [i]

en del testmateriale bør revurderes [jamført med] minoritetsspråklige elever
freistar å uttrykkja: [i samband med/til bruk for]

læring [sammenlignet med] utholdenhet og lærelyst
freistar å uttrykkja: [i samband med/knytt til]

å motivere dem til å velge oppgaver [sammenlignet med] eget mestringsnivå
freistar å uttrykkja: [til/som høver til]

læreren må tilpasse krav [jamført med] deres fatteevne
freistar å uttrykkja: [til]

bare lærere kan bidra til å fremme deres nysgjerrighet [sammenlignet med] de norske kulturverdier
freistar å uttrykkja: [for?]

det er her lærere/arbeidsgivere kan tilføre dem verdifulle læringserfaringer [jamført med] den norske sosiokulturelle bakgrunn
freistar å uttrykkja: [om]

lærere synes å ha utilstrekkelige kunnskaper om kognitive prosesser [sammenlignet med] språktilegnelsen i norsk
freistar å uttrykkja: [knytt til]

Neste side »