yrkingar


eg var komen opp på sida, nesten forbi, då dei fekk auge på meg i sidesynet sitt. eg var tilsidesett, fest i augnekroken deira. eg rykte i snøret.

ein hjort som er mykje større enn det eg venta at ein hjort var, står litt gøymd bakom nokre tre på nedsida av vegen ved sjukeheimen. han stirer rett på bussen vår når me køyrer forbi, og det er som om me avslører kvarandre gjensidig, passasjerane oppe på vegen og hjorten nede i graset. hjorten tek oss i å ferdast naturstridig fort, i å vera inne utandørs, i å bruka nesten all tida på andre ting enn å finna oss mat og øksla oss, men eg ser at han er litt flau over å stå slik og lurkika på sivilisasjonen.

fjernljoset set ein kvass hundredelsstøkk i grøftetrea,
avdekte og avteikna i eit augneblinksbilete
av gjennomlyste lunger som held pusten.

gråbrått regnsig over fjorden 
han fer saman, ei skimrande gåsehud
forskremde bylgjenuppar skvett
søkk og reiser tvil på overflata

eg sender sola til deg
seint ein sumardag,
seier songen

og tida vrir seg og står still

kveikjer eit over fem år gamalt flybussbilete;
teke ein tidleg trondheimsmorgon med skarpt solskin skeivt inn vindauga
eg har ein ganske ny cd og kjenner att ein song, den fyrste eg kan skilja frå hine
var det slik han feste tida i seg?

það er alvöru dag
utan indre kvervlar og isjøklar og skare
eg sender ei melding om cd-en eg høyrer
og i songblenken er eg ei eg liker å minnast

– du har so mykje fint inne i hugen din, du, seier reven.

eit ferskt døme er manettankane som klumpar seg i hovudet når eg skal kvila middag. den blaute og tomme delen er inni hovudet og sperrar for ut- og innsyn, medan trådane kavar utanføre, framfor panna og augo, og krev å verta tenkte til endes. ei umogeleg oppgåve, og ein slitsam kvil.

– tankane er so lange! seier eg.
– og du kan brenna deg på dei, seier reven.

quallen-haufen

overskrifta: slik eg forstår det; ei oppmoding om å ikkje blanda saman marglyttur, det islandske samleomgrepet for havnesleslekta, med eit liknande omgrep, som etter eit snøgt biletsøk verkar tyda om lag det same. eller so har einkvan blanda i hop omgrepa likevel. og dersom ein skulle undrast over korleis eg hamna der: eg freista fylgja ein nesletråd frå nynorskordboka so langt attende som råd. tråden byrja her:

manet f1 (av norr marr «hav, sjø» og nesle; eigenleg «havnesle»)(meduseform av) stormanet, gople brennmanet / glasmanet

X
X
du bikkar 60
og den glitrande
hovudskallen
på veska di
er berre eit
varsel
X

X

X
(det einaste provoserande er at skallen blenkjer bjartare enn du)

Neste side »