som meldt i ein kommentar inne hjå Fridtun som teiknar og fortel, observerte me her om dagen (for ganske mange dagar sidan) ei hending Fridtun skildrar i ordelaget «ein av nabokattane som leikar med ei mus på plenen vår». denne leiken var det berre katten som var med på, men det er litt uvisst om katten vann, for han vart avbroten av nokon ungar som tok fangsten frå han. musa døydde nok kor som er, så ho har uansett tapt mest. dette er elles ein retteleg flink katt, som så vidt me har sett har teke mange gnagarar og ingen fuglar sidan han kom hit. me vonar han tek rotter òg, det skal det visst vera ein del av her i traktene. her er nokre glimt frå katten i aksjon:

grjakt4

dette blikket trur eg tyder «shit, no jaktar eg i nokon andre sin hage att. er det nokon som har sett meg?»

grjakt2

her tek musa opp kampen

grjakt5

grjakt3

der var det blikket att. musa nyttar sjansen til å koma seg litt unna

grjakt

nei, seier katten. det er han som er kjipast i garden

grjakt1

katten bestemmer at dei skal leika litt lenger oppe i hagen. eg har sett at andre jaktøkter har enda brått fordi mysene har falle ned gjennom gjerdet, så dette er nok eit trekk for å unngå at slikt gjentek seg.

tidlegare har eg teke føre meg at det ser ut til å vera eit klårt samband mellom etternamnet mitt, og trongen eg har til å laga haugar kringom i huset. her hin dagen fann eg ut at eg ikkje kjem meg unna førenamnet heller. litt bakgrunnskunne om den lokale bruken av ordet kvervel trengst for å forstå denne samanhengen:

kvervel vert her i heimen nytta om sjelelege plager, såkalla hugilt. reven definerer det som ein innvertes turbulens. eg trur fleire kan kjenna seg att i at slike plager ofte kjennest ut som noko som rører seg på innsida, gjerne i kvervlar, driv på, snur seg og gneg. ein kan få, ha og verta kvitt kvervelen, ofte kjem han utan grunn, og det treng heller ikkje vera nokon særskilt grunn til at han fer att. kvervlane til nettnerden har det likevel med å koma til nokså faste tider, der dei mest grunnlause (men ofte stridaste) kvervlane kjem i dagane før menstruasjon. elles er det nesten fast kvervel på sundagar, også nokså grunnlaus, men truleg knytt til at det er slutt på den tida ein kan rå over heilt sjølv (fredag ettermiddag til måndag morgon).

eg har til no levd i trua om at kvervlane råkar alle like hardt, men eit oppslag i Norsk Ordbog (1873) av Ivar Aasen syner at eg kan henda er hakket meir disponert for å få dei enn andre. kvervlane heiter nemleg det same som eg:

idakvervel

til reven, som er på austlandet og sikkert saknar fjordutsynet. det fyrste biletet har reven teke sjølv. det førestiller ein slepebåt som trekkjer med seg noko rotete med langt slep, eit klassisk fjordtog, med andre ord:

toj1

dette kom forbi i går. det er nok også eit tog, sjølv om eg er usikker på om begge dei to bakerste er på slep. det såg slik ut, for avstand og fart var lik heile tida. fireledda tog er rekord til no!

toj2

nyhetsmåren er eit morgonaktivt dyr, og ein reknar med at han har solid utbreiing i heile Noreg frå 06:33 fram til dagsnytt klokka 9. bestanden ser ut til å variera til ein viss grad i takt med svingingane i DAB-nettet. nyhetsmåren er kvalitativt svært god, og kan vera spanande å fylgja med på det fyrste kvarteret. deretter kjem han fort inn i eit særs gjentakande mønster. han har få naturlege fiendar, men det er venta at kutt i lisenspengane vil svekkja livsvilkåra monaleg.

ei slags kjelde: store norske leksikon

Rett ut for fjellveggen fløy alle slags sjøfugler fram og tilbake, men foruten sjøpapegøyene som satt som verdige proster på huk utenfor hulene sine, var det særlig de større måkeartene som hold til her, både stormmåken og alle slags svartfugler.

De ble skremt bort fra eggene sine da disse nattegjestene kom, og de svevde på sterke vinger langs de svimlende fjellsidene. – Nei, se hvordan de legger eggene sine på bare fjellet, sa Salka Valka og pekte på eggene som lå strødd utover de hvite avsatsene uten at det var gjort det ringeste forsøk på å bygge rede. – Undres på om de ikke synes det er lite hjemlig å ruge ut eggene sine slik på nakne berget og bare en tomme fra kanten?

Også han stod en stund og så på dem, tankefull og med rynket panne, og omsider svarte han: – Nei, dette er vinterfugler.

Halldór Kiljan Laxness: Salka Valka

på Prøysenhuset, ein dag i juli: eldre dame (∼ 80) i skjorte med turiststad-reklametrykk, jakke med påtrengjande fargerikt blomemønster, halsklut i heilt andre fargar og fin pynteblom i håret flyttar litt på markblomane som står på bordet der ho sit, arrangerer dei slik at dei står bak maten. så tek ho fram eit lite digitalkamera og tek fleire bilete av lunsjen sin.

Einkvan fortalde meg ein gong at me i løpet av livet tek opp i oss så mange konserveringsmiddel med næringa, at dei daude kroppane våre vil liggja i årevis i jorda og skina, ja skina, sa han. 

Clemens Meyer: Gewalten