dette innlegget syner eit utval skjermbilete eg tok medan eg arbeidde med masteroppgåva mi om islandske nyord. dei fleste bileta funne i tekstsamlinga timarit.is, og ingen av dei har hatt nokon som helst relevans for oppgåva. rekkjefylgja på bileta er heilt tilfeldig.

1. ein hund flyg forbi ein gut på fotballbanen.

skjermbilde-2016-06-27-kl-18-12-30

2. ei rettleiiande teikning frå 1950-åra som syner korleis ein ber seg åt i ein sjølvbeteningsbutikk. legg merke til pilene.

skjermbilde-2016-06-22-kl-18-36-10

3. ein blyantkvessar som remjar eller gøyr når ein kvesser blyanten.

skjermbilde-2016-04-21-kl-10-59-47

4. ei utgreiing om kva eit tastatur er, og gode tips til kva du lyt sjå etter når du skal kjøpa eitt. (pass på at alle dei islandske bokstavane er med, og at tastaturet har alle tastane du treng).

skjermbilde-2016-04-06-kl-19-11-06

5. ein satellitt på eit ostefat. truleg 70-tals.

skjermbilde-2016-03-24-kl-17-19-11

6. eit ordboksøk eg av uvisse grunnar har gjort. prompehumor (sjå tyding to).

skjermbilde-2016-02-29-kl-18-02-12
7. nokre danskspråklege skildringar av drukkenskap og alt elendet det fører med seg.

skjermbilde-2016-02-08-kl-18-07-52

skjermbilde-2016-02-08-kl-18-09-49

8. eit ord eg kjende att frå heimemålet, og ein fin neve som peikar på kor ein kan få kjøpt det.

skjermbilde-2016-02-06-kl-11-17-33

det er ingen løyndom at reven (k) og eg (i) lever i eit bokhi. i framtidi skal me ha eit sånt rom der alle veggene er bokhyller, og om sant skal seiast, so dreg den framtidi seg nærare for kvar dag som går. og det er ikkje berre fordi tida går. me, og då særleg reven, med mange kontaktar i forlagsnæringa, har det med å auka boktilfanget rett som det er. sopass monaleg har auken vore, at nokre av hylleborda i special edition-billyhylla med oransje innside har byrja bøya seg under tyngda. difor fekk reven nye hyller til gebursdagen sin (type bok-, ikkje silikon-, for dei med pondusteikneserie-referansar). dei fungerer som både bokhyller og skjenk, samstundes som dei får rommet til å kjennast større. det siste forstår me ikkje heilt, for me har då verkeleg auka møbelmengda, men her er i alle fall stova etter fornyinga:

hydle

stålampen har fenge ny og litt vel sterk ljospære, og lagar strikkemønster i kvar ei krå. teak-bordet vart gravd fram frå alt det som no står oppå skjenken (+ litt til), og får lov til å vera bord i staden. bryllaupsgåvebiletet har fått kome ut frå soverommet. der er me berre når det er myrkt, og det er keisamt å vera bilete i myrkeret.

her skulle det vera eit nærbilete av mellomrommet mellom sofaen og hyllene, men det skapte seg. biletet synte at dette mellomrommet var nett passe stort til symaskina. «nett so da sko vå telaga,» sa reven (ja, hen sa det faktisk nett slik).

lego

litt etter at oversynsbiletet øvst vart teke, flytte desse inn framfor bryllaupsgåvebiletet. her ser ein underteikna som uroar reven i skrivearbeidet (eit frekvent scenario), og kattane astrid (svart og kvit) og kjersti (kvit) som har fenge ein stor fisk. meir om desse figurane, er å finna her.

stol

dette er utsikta hin vegen, men eg har gøymt ein del rot bak stolen, då. denne utsikta har eg sett i nesten heile dag, for det var ganske stygt vêr ute.

uglekliss

bonusbilete: løgne ogle som ser ut som oss. (kliss).

då reven og eg flytte saman, fekk me ta med oss all legoen til i alt sju sysken. til jol fekk underteikna endåtil ei heilt ny øskje, og legomengda vert etter måten mykje brukt. tidlegare har de sett at sambuarane har bygd både kran, torturbasseng og romvesen. denne gongen har me halde oss til dei nære ting, og laga ei slags skisse av vår framtidige heim. slik ser han ut:

heimen

nede frå venstre: oransje vegg, katten Astrid, Ida og katten Kjersti i sofaen, Kristin på veg inn på kjøkenet (det har me ikkje bygd enno) etter kaffi, arbeidsrom, bokhyller med stige opp til soverommet.

kristin

Kristin har sett punktum i ein Alf Prøysen-stubb, og tek seg ein velfortent pause.

astrid

Katten Astrid har fenge ein fisk som er nesten like stor som ho sjølv. merk lampen (svart stang med grå, rund rugleskjerm) i bakgrunnen – av alle møblane i heimen var det denne det tok lengst tid å byggja.

bokhylle

me har bokhyller opp til taket, og må difor bruka stige for å nå opp til dei øvste bøkene. vidare prioriterte me plass til bøker føre trapp, og må difor bruka den same stigen til å koma opp på soverommet. Kristin demonstrerer.

hoggorm

på soverommet har me faktisk ein hoggorm. han er oppe. her kjem han ut av skåpet i høve dei olympiske leikane i Sotsji. vekkjarklokka slær på ljoset slik at me skal vakna av det i staden for lyden. det skjer ikkje så ofte. den ekte vekkjarklokka har svært sterkt panelljos som me har limt ein bete papp framfor. lego-versjonen har klokke som ein kan vri heilt rundt, for å unngå dette problemet.

ida

her sit underteikna, med ufornuftig bakverk på bordet og katten Kjersti på fanget. eg har også endeleg fenge tak i ei gamal ølkasse i tre (her: plast), som de ser nedst til høgre. uklår Astrid-katt nedst til venstre.

soverom

sidan det er klissete valentinsdag i dag, har me letta på kisteloket der alle kjærleiksbreva frå våren 2012 ligg. elles har senga skrått vindauge over hovudenden, slik at me kan sjå på både nedbør, fly og stjerner før me sovnar.

bilframme

her er bilen, som trass i relativt grei storleik er svært vanskeleg å koma seg inn i for ein legofigur. det er ein hybrid/bastardbil, som kan ha vorte til i eit uplanlagt møte mellom ei middels stor stasjonsvogn og ein dryg land rover. avkomet er ein firehjulsdriven allbruksbil med god bagasjeplass og mange blinkljos. bilen har også meir vindauge enn vegger, noko som gjev godt oversyn.

bil

god plass til ski i bagasjerommet!

Hopprenn

og når me er inne på ski: her ser me tyske Carina Vogt ta gull i fyrste OL-hopprenn for kvinner. god vind i bakken og openberr homopropaganda i bakgrunnen.

sol1 sol6 sol2 sol3 sol4 sol5

laug

1_937

(moteblogg, vel.)