Rett ut for fjellveggen fløy alle slags sjøfugler fram og tilbake, men foruten sjøpapegøyene som satt som verdige proster på huk utenfor hulene sine, var det særlig de større måkeartene som hold til her, både stormmåken og alle slags svartfugler.

De ble skremt bort fra eggene sine da disse nattegjestene kom, og de svevde på sterke vinger langs de svimlende fjellsidene. – Nei, se hvordan de legger eggene sine på bare fjellet, sa Salka Valka og pekte på eggene som lå strødd utover de hvite avsatsene uten at det var gjort det ringeste forsøk på å bygge rede. – Undres på om de ikke synes det er lite hjemlig å ruge ut eggene sine slik på nakne berget og bare en tomme fra kanten?

Også han stod en stund og så på dem, tankefull og med rynket panne, og omsider svarte han: – Nei, dette er vinterfugler.

Halldór Kiljan Laxness: Salka Valka

Advertisements

fjorden1


hufsa

middagskvilen drøymer sofaen om til ein bademolo i fjøre sjø. fleire timar etter eg vakna er undermedvitet framleis oppteke av lagnaden til alle dei stakkarslege, raude sjøstjernene som er komne inn i stova med draumen. no syg dei seg fast mellom sofaputene og ventar fåfengd på stigande sjø.

førre gongen eg var åleine heime, kom eit røsleg forskarskip og la seg til midtfjords. det vart liggjande eit døger mellom stoveglaset og fyrlykta, der det skein og snudde seg, synte seg frå alle sider. – sjå, eg har sleppt ankeret mitt her hjå deg, eg dreg ingen stad, sa skipet, og gjorde ein særs treg piruett rundt ankerkjettingen. vendinga tok sikkert tjue – tretti minutt, men eg veit ikkje sikkert, for eg iddest ikkje sjå heile framsyninga. neste ettermiddag hadde skipet drege både anker og av stad. dersom det kjem att, skal eg vera meir tolmodig med det. det var fleire megawatt vakent og heldt oppsyn medan eg sov.

no er eg åleine heime med fjorden full av fuglar. ein million forstyrra auge som siglar på ein straum, truande til å verta rablande gruppegalne kortid som helst.

fåglar

fåglar1

– du har so mykje fint inne i hugen din, du, seier reven.

eit ferskt døme er manettankane som klumpar seg i hovudet når eg skal kvila middag. den blaute og tomme delen er inni hovudet og sperrar for ut- og innsyn, medan trådane kavar utanføre, framfor panna og augo, og krev å verta tenkte til endes. ei umogeleg oppgåve, og ein slitsam kvil.

– tankane er so lange! seier eg.
– og du kan brenna deg på dei, seier reven.

quallen-haufen

overskrifta: slik eg forstår det; ei oppmoding om å ikkje blanda saman marglyttur, det islandske samleomgrepet for havnesleslekta, med eit liknande omgrep, som etter eit snøgt biletsøk verkar tyda om lag det same. eller so har einkvan blanda i hop omgrepa likevel. og dersom ein skulle undrast over korleis eg hamna der: eg freista fylgja ein nesletråd frå nynorskordboka so langt attende som råd. tråden byrja her:

manet f1 (av norr marr «hav, sjø» og nesle; eigenleg «havnesle»)(meduseform av) stormanet, gople brennmanet / glasmanet

smitta av husmorblogginga hjå den heimeskrivande halvdelen min, kjem her eit utførleg oversyn over sist sette saker i salhusvegen.

1. ofte ser me ut. helst ut stoveglaset, men skrivande halvdel ser visst litt ut or kontorgluggen òg. utanføre glaset er det, som før nemnt, eit stort fjordaskifte med konstant ferdsle. nær sagt alt som kjem forbi her, er gildt å sjå, og skremmande mykje er teke bilete av. nedanfor kjem høgdepunkta frå den siste tida.

eg fekk lyst til å skri på akebrett då dette fylgjet kom forbi; fire båtar som har laga tog:
togbåtar

med turistsesongen fylgde eit flaggskip. trur det er ein veteranbåt frå Osterøy.
flaggskip

ein ljos kveld kom både gravemaskinskip og piggsvin forbi ein tur. piggsvin nedst til høgre.
piggsvin

slik ser det ut når ein lyt opp for å miga om natta:
askoy

og slik ser det ut når ein snigel kjem over vindauga:

snigel

2. andre gonger ser me inn. gjerne inn i ein skjerm. fyrst ser me «Tause vitner» eller noko anna i krimsjangeren, og dinest fylgjer jamt løgne filmar på youtube. det byrjar ofte med laugar, til dømes laugelaugen:

eller kattar som seier «hello»:

men i går ville skrivaren sjå folk som fall og trynte og slikt. ho angra rett etterpå, men me rakk då å få med oss denne jenta som fell av sykkelen på ein slags grasiøs måte:

ps: sjølve bruker me hjelm!

3. i kveldingi sit me ofte og ser i bøker. eller les, som sysselen eigentleg heiter. på denne tida av dagen er eg ofte trøytt, slik at blikket støtt slepper boka, og anten går i sauestir eller glir over til å glo på den lesande skrivaren ved bordet.

refur