til naboane.

Eftir morgunverðin fór ég út að ganga, til að hressa mig fyrir langan akstur sem var framundan. Á hlaðinu sat feitur snjóhvítur köttur; einna líkastur litlum skafli sem hefði orðið eftir þegar veturinn lét sig hverfa. Han sat grafkyrr í sandhrúgu sem var greinilega ætluð börnum til að leika sér í, því nokkrar litríkar plastskóflur lágu í sandinum. Ég gekk að kettinum og klappaði honum. Han bærði ekki á sér, en leit undirfurðulega upp á mig, lygndi síðan glyrnunum og kúrði sig niður í sandinn líkt og hann ætlaði að sofna þar.


Etter frukost gjekk eg ut ein tur, for å kvikka meg opp før den lange køyreturen som låg føre meg. I tunet sat ein feit snøkvit katt; han likna ein liten skavl som hadde vorte liggjande att då vinteren kvarv. Han sat urørleg i sandkassa, som det tydelegvis var meininga at borna skulle leika seg i, for det låg nokre fargeglade spadar i sanden. Eg gjekk bort til katten og klappa han. Han lea ikkje på seg, men såg lurt opp på meg, lukka augo langsamt og krølla seg saman i sanden, som om han tenkte å sovna der.

Gyrðir Elíasson: Milli trjánna. Smásögur

Advertisements

for ein fire års tid sidan, dreiv nettnerden med norrøn litteratur og språk, og oppdaga då kva for ei kjelde til underhaldning gamalt sogestoff er. her har i nettnerdinga vore skrive om Ingjalds-tullingen i soga om Gisle Sursson, og underdriving i Gylvaginning. på nyåret fire år seinare, har eg funne fram sjølvaste Snorre Sturluson, over sekshundre sider sogeskjemt, mykje alvor pluss kart. på spesielt bra sider har eg sett ein liten brett, og i det vidare fylgjer eit breidt brett-utval:

fyrst ut: Soga om Olav Tryggvason. om Olav er (mellom mykje anna) dette å seia, at han er gift med Tyre, som ikkje er heilt nøgd med den ordninga. ho sur og tverr fordi kong Olav ikkje vil henta medgifta hennar frå eit tidlegare ekteskap som ho har rømt ifrå, og græt og gjer seg vanskeleg jamt. i utdraget nedanfor freistar Olav å gle henne med ein uvanleg stor kvannstilk, men får til svar at han er ein feiging og mindre enn andre menn. Olav svarer med å reia til utferd for å visa kva han er for kar, og denne ferda ender opp med slaget ved Svolder, der han lèt livet.

kvann

mannen som skal ha æra for at me har fått «kunnskap og visshet om det som er fortalt om kong Olav Tryggvason», er ein skald som heiter Hallvard, og som ifylgje soga ikkje er til å lita på. Hallvard vert difor kalla ein «vandrædaskald», som i fotnoten er omsett med «en vanskelig, brysom skald». Snorre Sturluson bruker lang tid på å greia ut om kor upåliteleg Hallvard er, truleg for sjølv sleppa svara for eventuelle løgner og anna fantaskap frå vandskalden.

trass i at Hallvard er truande til å laga ugreie kva tid som helst, tek Olav Tryggvason han til seg som skald, og gjev han eit sverd i løn for det heller ringe tilnamnet. som ei slags prøve, lyt Hallvard Vandrædaskald dikta ei strofe om sverdet. det er ei ganske teit strofe, men kongen verkar nøgd.

vandrædaskald

neste soge ut, er soga om Heilag-Olav, eit meisterstykke i oppbroten kronologi og sprang i tid og rom og alle retningar (slik eg ser det). eg vel difor å gle meg over einskildhendingar, i staden for å prøva å få oversikt. ei slik hending, er eventyrstunda ein morgon i Tønsberg, der Heilag-Olav dreg ein Askeladd – eller er det motsett, tru? døm sjølv! nedanfor fylgjer utdraget om kongen ingen kunne målbinda, og emnet for samtalen er den stygge kroppen til Torarin Nevjolvsson, tidlegare skildra slik: «Torarin var fælt stygg, og det verste var at han var så stygt skapt, han hadde svære, stygge hender, men føttene var likevel enda mye styggere.»

torarin

mellom manndrap og kroppsleg styggedom, er det også plass til nærleik, som denne uventa (både for lesar og dei involverte) kosestunda mellom Torfinn jarl og Torkjell Åmundason. Torkjell meiner truleg at jarlen skal få kappa hovudet av han, men det ser ut som kos. dessutan endar det godt.

koz

litt leitt og litt godt er det å lesa at ungdommen også for tusen år sidan låg inne og drog seg på godvêrsdagar. framgangsmåten for å få dei opp og ut var også den same før som no: set dei i eitt dårleg ljos samanlikna med nokon dei ikkje liker å samanlikna seg med (her: Toralv frå Dímun), og dra på med omvendt psykologi («veddar på at de ikkje får sett i stand den skuta som ligg her og myglar»). her demonstrert av onkel Trond som strammar opp sønene til bror sin.

toralvs-sønir

på bussen heim las eg heile «Vindauga i matsalen vender mot fjorden» i eitt strekk, eventuelt i ein strek, ein kjørestrek frå Åsane til Gjerskvål. det er ein kjørestrek i boka. og vatn og djupvassfisk og andre ting som bur i vatnet. ferjene som er oppå. og symjing og skriving. her konteksten til kjørestreken:

Eg sparkar sporadisk i singelen. Eg speler fotball med han. Eg blir oppteken av noko anna enn meg sjølv: Ringbussen skiftar gir nede i krysset. Han skremmer ei rosemåla postkasse inn mot hekken til villahagen. Vegen går rundt hagen. Bussen klarer svingen, men det ser klumsete ut. Han er så firkanta mot dei mjuke kurvene. Det sprutar småstein over rosebedet; flekker av vegsøl frå ein kjørestrek.

~ Mette Karlsvik: Vindauga i matsalen vender mot fjorden

5-aren rundt Eidsvågneset har det om lag slik, og eg brukte ta han som løn dersom eg hadde arbeidt godt på jobben og fortente ein litt lengre, stillare tur med mykje finare utsikt – og litt innsikt – innover mot byen. eg trur ruta om neset er sett opp slik at bussane møtest i dei krappaste svingane. passeringa ser umogeleg ut frå eit passasjerperspektiv, og triggar soleis vyrdnad hjå oss og byrgskap hjå sjåførane.
det kan båe partar ha godt av.

då Karlsvikstreken var slutt, fekk eg tid til å tenkja på hjort i ein halvtime før eg var heime. (tanketemaet kjem nok av at eg i tenkjande stund køyrde gjennom hjorteeldoradoet Bulken, etter å ha køyrd på elg6 dagen i førevegen.) kor lang tid mun det ta før ei hjortestamme har lært seg at dei ikkje bør ferdast omkring E16 likevel, når dei har levt godt på nett desse jorda i minst tusen år? cirka tusen år til? har evolusjon og røynsle gjort hjorten klokare, slik at han tek til seg ny lærdom fortare enn vikingehjorten ville gjort? er hjorten sløgare enn me trur, og spring ut på vegen i rein protest mot stamvegen som skitnar til matgraset?

eg tek det eg, du veit ikkje noko du. du er nyss komen, du, seddu, tenkjer hjorten. eg kjem til å stå her, eg, seddu. 

Vel vitande om at siste setning ikkje funkar heilt godt i omsetjing, deler eg nokre liner frå Corpus Delicti. Ein Prozess av Juli Zeh. 

«Es gibt» oder «Es gibt nicht» – was soll das überhaupt heißen? So konntest du fragen. Dass uns die Welt gegeben wird? Von wem? Von «es»? Ist «es» dasselbe Es, das auch regnet? Oder friert? Oder geht? Oder Spaß macht? Oder Zeit ist?

«Det er» eller «Det er ikkje» – kva tyder det, eigentleg? Slik kunne du spørja. At verda vert gjeve til oss? Frå kven? Frå «det»? Er «det» same Det, som også regnar? Eller er kaldt? Eller går? Eller er kjekt? Eller er tid?

/ ser enkelt ut på håll /

Han forstod han var forkasta, ukunnig, og frå då av var vitskapen ei gru for han, fordi han hadde gått seg vill der inne, fordi han hadde gått for langt og difor vorte utsletta. Han kunne framleis læra eitt og anna attåt, verta ein handlangar og halda vitet smidig, men det interesserte han ikkje. Han skulle gjerne stilt seg opp utanføre, sett over grensa attende på seg sjølv og verda og språket og samtlege krav. Han ynskte han kunne venda attende med eit nytt språk, eit som greidde ordleggja løyndommen han hadde røynd.

Så var alt likevel tapt. Han levde, ja, han levde, det kjende han for fyrste gong. Men no visste han at han levde i eit fengsel, at han måtte innretta seg der, at han snart ville rasa og at han var nøydd til å tala med i denne månsingen, det einaste tilgjengelege språket, for å ikkje vera så fortapt.

men jag lever på impuls nu / via fjärrkontroll / men jag sa alltid nej /


Quellen:
Ingeborg Bachmann – Das dreissigste Jahr
Kent – Socker

reven og eg er på nynorske litteraturdagar i Flåm, inst i ei myrk krå på Ægir. eg har ein stol som vippar ganske mykje og nokon å halda. no held me kvarandre medan me høyrer på diktaren Hans Sande, som fortel om teikningar og tekstar som har laga seg. kvelden før synte han fram gamle spadar og krafser med nye føter og kroppar. og tekstar til. og han skulle syna fram meir, dagen etter! reven fylgde med utan innvendingar. 

arbeidsdagen til Hans Sande er å traska rundt i skogen og sjå etter noko rart, noko som vil skriva seg. (ein gong i føredraget seier han «eg skreiv dette diktet» men rettar det til «dette diktet skreiv seg», som rett er.) han fortel om laterale (løgne) tankar, og kor mange slike tankar normale og galne menneske tenkjer i timen. dei som skriv dikt, tenkjer mykje slikt. Hans Sande ligg visst rett oppunder dei galne.

dei frammøtte får sjå ei enkel strekteikning som utviklar seg. «oi, kva hende her? burde eg stoppa pennen?» seier diktaren då streka har fenge heller stort tolkingsrom i ei viss leid, «kor mykje toler dei unge?». dei toler sopass. er eg ung nok til å uttala meg? eg trur det, for boka eg har lånt på biblioteket er «ei diktsamling for alle som prøver å vekse opp», og det har eg slutta å prøva på for lengst. dette diktet derifrå, til dømes, kjennest som var det nett hin dagen det hende:

SKUMLE TAK

Ingen jenter leier kvarandre lenger
Ingen gutar klappar kvarandre på ryggen
og blunkar
Ingen leikeslåst og rullar rundt på golvet
Det er for skummelt
og snart er det for seint

Du og eg ser oss rundt
med skremte barneauge

Dei vaksne maskene våre sit spikra fast

~ Hans Sande

eller:

you’ve got to be goodlooking ’cause / you’re so hard to see? (verktittel)
ei haustlyrisk regnlindring med Eldrid Lunden (undertittel)

fyrst lyt ein lata væte, mørker og kulde trekkja godt inn:
(mogeleg og oppstemt upassande ljodspor til all nedbøren:
velvet underground and nico- venus in furs)

Det store grøne bildet
og regnet som gjev lyd
vindens mørker i treet
skogen på svart botn

ute i vinden, inne i vinden

Alt det rennande vatnet
alt det glidande vatnet
under ansiktet, halsen, huda som
er der til stor forstyrrelse og likevekt

/

Er det da ingen som veit
om dette lysande stille som
sig inn i knoklane mine og
bryt meg saman?

/

Så skyar det over
og alt er som før.
Skog til kvardags
frå skuldrane og ned
den usynlege elva.

/

Eg lengtar etter eit rom
å komme inn i, eg lengtar igjen
etter eit rom å stanse opp i og
berre stå og la armane hange rett ned

/

Jo, eg kjenner mørkret som stenger bevegelsen
i oss, dagar
som får deg til å bli ståande igjen langt inne
i ein mørk mangel

mørkret som
plutseleg fossar inn gjennom
søvnen, blodet i kroppen som dukkar
kaldt ned på botnen

angsten, som eit kvitt heng i brystet

om lag her skulle eg snu stemninga og helst avslutta ljost og lett. det var uråd.
Lunden har ikkje slikt. det vert i beste fall rart, med noko ekkelt attåt. 

Plutseleg ein morgon
glir døra til badet opp
bak henne, og ho kjenner kaldt
gjennom alt vatnet ho pøser over
andletet og halsen, igjen regnblikket
klårt og smalt frå veikryggen og ned.

Lydlaust har det
lista seg etter henne
gjennom dør etter dør
som ho har gløymt
å lukke etter seg

/

Dette at ein er eit ope system
Dette at alle eins tankar
sannsynlegvis er tenkt av andre, før eller akkurat nå
Dette at vi nå glir i lag nedover ein straum
av ord. Noen gonger skimtar vi kvarandre
gjennom bylgjene, andre gonger ikkje

kjølig nå, vatn er munnen

/

Du er mitt auge som glir gjennom oss

eg er ditt ansikt som berører

du er min bevegelse i all glede

eg er ditt språk til forveksling

du er mitt utkast til ein plan

eg er ditt utydelege ansikt som alltid må fyllast ut

vi er det einaste mogelege utgangspunkt

/

I går stod du inneklemt i eit ord
nesten utan å kunne puste
I dag kan du kanskje seie det, og
i morgon vil det vere eit nesten umerkeleg
fargeskifte i alt som blei sagt

/

Nedbør er jamsides og
på ein måte demokratisk.
Utkantane ligg ved neste byge
og er for så vidt alltid på veg
mot sentrum der årstidene strøymer
kjølig gjennom kroppen

frå Dikt i utval (Inneringa 1975, Hard, mjuk 1976, Mammy, blue 1977 og Gjenkjennelsen 1982)