dette innlegget syner eit utval skjermbilete eg tok medan eg arbeidde med masteroppgåva mi om islandske nyord. dei fleste bileta funne i tekstsamlinga timarit.is, og ingen av dei har hatt nokon som helst relevans for oppgåva. rekkjefylgja på bileta er heilt tilfeldig.

1. ein hund flyg forbi ein gut på fotballbanen.

skjermbilde-2016-06-27-kl-18-12-30

2. ei rettleiiande teikning frå 1950-åra som syner korleis ein ber seg åt i ein sjølvbeteningsbutikk. legg merke til pilene.

skjermbilde-2016-06-22-kl-18-36-10

3. ein blyantkvessar som remjar eller gøyr når ein kvesser blyanten.

skjermbilde-2016-04-21-kl-10-59-47

4. ei utgreiing om kva eit tastatur er, og gode tips til kva du lyt sjå etter når du skal kjøpa eitt. (pass på at alle dei islandske bokstavane er med, og at tastaturet har alle tastane du treng).

skjermbilde-2016-04-06-kl-19-11-06

5. ein satellitt på eit ostefat. truleg 70-tals.

skjermbilde-2016-03-24-kl-17-19-11

6. eit ordboksøk eg av uvisse grunnar har gjort. prompehumor (sjå tyding to).

skjermbilde-2016-02-29-kl-18-02-12
7. nokre danskspråklege skildringar av drukkenskap og alt elendet det fører med seg.

skjermbilde-2016-02-08-kl-18-07-52

skjermbilde-2016-02-08-kl-18-09-49

8. eit ord eg kjende att frå heimemålet, og ein fin neve som peikar på kor ein kan få kjøpt det.

skjermbilde-2016-02-06-kl-11-17-33

Advertisements

i går råka eg borti ein ny sjanger på veven, nyhendenovella. tekstar skrivne i denne sjangeren presenterer eit objektivt saksinnhald i ei subjektiv, forteljande form, og har såleis trekk både frå artikkel og novelle; sistnemnde sjanger har tydeleg overtaket. truleg vert tekstar i nyhendenovellesjangeren til ved at a) journalisten vert uforvarande for involvert i reportasjen han/ho skriv eller b) journalisten vil heller skriva skjønnlitteratur enn keisame saktekstar, og gjer så godt han/ho kan med det tildelte saksmaterialet.

utkomet er tekstar som denne utruleg lange saka om sylvsteling frå nrk.no. under kjem ei opplisting av sentrale sjangerdrag med konkrete døme frå teksten.

ARTIKKELTREKK:

– teksten er publisert på ein seriøs medianettstad for nyhende
– teksten er, står det, skriven av ein journalist
– fotografisk dokumentering av sak og involverte personar
– ingress, overskrifter, underoverskrifter, faktaboks, lenkjer til andre artiklar om same sak

NOVELLETREKK:

personskildring

direkte: «En ensom ulv. Høy, sterk, kraftig og seig. En som alltid går aleine i fjellet.» / «Stemmen hans kan minne om en litt forsteinet Arne Brimi»

indirekte: «– Du må huske på at på det internasjonale markedet for stein og mineraler er digert. Når Europas største mineralmesse åpner i München om ikke lenge, kommer det mange tusen besøkende. Ett enkelt objekt kan selges for flere millioner kroner, sier Rune Selbekk.

– Skal du dit?

– Selvsagt.»

miljøskildring

«Det er en sjeldent vakker høstdag. Langs veien som slynger seg opp mot Knutehytta vest for Kongsberg har løvtrærne trukket i gull, oker og kobberrødt.»

«Skaardal tenker seg om i noen stille sekunder mens en svak høstbris får ospetrærne til å fremføre sin melankolske, rislende sang.»

«Hvis du går ned trappene på politihuset på Kongsberg, gjennom parkeringskjelleren, forbi bilen til hundepatruljen, forbi trugene som henger på veggen, forbi politisyklene og inn i den gamle arresten, kommer du til en låst dør. Når den åpner seg med et tungt sukk, vil du på venstre side finne ei lita plastkasse.»

(naturleg) dialog

«– Dette er en sjelden sak, sier Neumann. – Min klients mineralinteresse har kommet noe ut av proporsjoner. Han er blitt litt ivrig. Men du må huske på én ting.

– Jaha?

– I dette miljøet gjør mange slike ting. De reiser rundt, hakker og graver i veiskjæringer og dagbrudd, får frem verdifulle prøver som ellers aldri ville blitt funnet. Dessuten …

– Ja?

– Det er nødvendigvis ikke slik at alle har hatt et ønske om å få en klarhet i hvor grensene går. Interessen for mineraler har vært så sterk at man ikke har vært veldig nøye med linjene i loven. Og det gjelder ikke bare min klient.» /

«– Undergrunnsmiljø?

Skaardal tenker seg om i noen stille sekunder mens en svak høstbris får ospetrærne til å fremføre sin melankolske, rislende sang.

– Ja, det er nok det vi snakker om. Jeg har fått innsikt i et smalt, lukket og ukjent miljø. Hun sukker.

– Men det som er enda mer skuffende …

Hun tar en pause.

– Det handler om museets egne ansatte?

– Ja, og det er … sjokkerende.»

retrospeksjon og frampeik

«Men lite visste Skaardal da hun ble ansatt som direktør på Bergverksmuseet at det fantes et undergrunnsmiljø som drev med sin egen, private, og bokstavelig talt lysskye, gruvedrift i området hun er satt til å vokte.»

«Neumann tar imot NRK i den verneverdige Bergskrivergården som har stått på Kirketorget på Kongsberg i nesten 400 år. Bygningen har vært advokatfamiliens eie i fire generasjoner. Neumanns oldefar forsvarte kjeltringer i Sølvbyen, faren også.»

språklege verkemiddel

«I 30 år, helt siden Selbekk som 13-åring begynte å interessere seg for stein, har han fulgt miljøet. Det er ikke stort, men det er intenst. Alle kjenner alle. Ved enkelte tilfeller har han støtt på 47-åringen fra Drammen når de steingale møtes på salgsmesser»

«Stemmen hans kan minne om en litt forsteinet Arne Brimi»

«-Det er jo trist med Fred Steinar, da. Jeg har møtt mange konservatorer, men ingen så samvittighetsfulle. Anklagene mot ham synes helt uvirkelige.

Fred Steinar Nordrum er tidligere museumsdirektør.» (er det mogeleg.)

«sølvbeslått besettelse» / «Heleren og stjeleren» / «Ulykksalig krystall. Prisen var 44.000 kroner. Men burde den i det hele tatt vært kjøpt?» / «Hun skutter seg litt i dunjakka og kjenner kloa fra høsten.»

dramatiske vendingar

«For da Alfhild Skaardal 5. mai 2012 endelig kunne glede seg over at sølvtjuven på Kongsberg ble tatt på fersken, tok saken brått en ny vending. Lyskasterne ble vendt – denne gangen mot Bergverksmuseet.»

«Politiet på Kongsberg hadde plutselig fått en ny sak i fanget. En helerisak.»

utruleg klein, open slutt

«Hun ser ut i det myke åslandskapet. Det glitrer og blinker mellom treleggene. Men det er neppe sølv alt som glimrer.»

– Det finst mange ulike typar vald. Det er open vald og det er løynd vald. Kvinnevald er ofte løynd vald fordi vi er smartare enn menn. Ja. Og det er gjerne den løynde valden forfattarane interesserer seg for. Den løynde valden, fordommar, feilinformasjon, til dømes, banar ofte vegen for open vald. Den farlegaste løgna er den som bortimot er sann, heiter det. Den største utstillingsplassen for den løynde valden er media, sjølv om media fokuserer mykje på den opne valden. Den usynlege valden kan til dømes liggja i at media dagleg presenterer oss for eit røyndomsbilete som til 70-80 prosent består av ulykker, skandalar og vald. Pluss ein dæsh pop. Pluss ein blome. Pluss ei søt lita ape. Som eit slags kontrapunkt. Dette biletet er sjølvsagt tendensiøst, og dessutan kjedeleg. Når eg knapt orkar å sjå Dagsrevyen lenger, er det mindre fordi han vassar i ulykker og vald enn at han er kjedeleg. Men ein skal kanskje vere forsiktig med å moralisera. Viss ein oppsøkjer ekstreme reaksjonar (og rapportar om vald er ei billeg kjelde til spenning), så kan det vere symptom på ein eller anna mangelsjukdom. Før hadde folk meir enn nok med å halda seg i live, og mange opplevde meir spenning enn dei likte i samband med det daglege strevet. I dag er dette radikalt endra. Samstundes har me visst ikkje greidd å finne noko meiningsfullt alternativ. Basehopping duger for nokon. For andre går det bra med piercing. Å kjenna spenning, og å oppsøkje grenser er viktig for svært mange menneske. Æh… du spurde om… om språket kan vere eit hjelpemiddel til å få bukt med vald. Ja. Det trur eg.

seier Eldrid Lunden, i dette gamle intervjuet. det er fint.